Om oss

Etablert i 1968

Nils S. Hansen AS vart etablert som eit personleg føretak i 1968 og held til ved Steinshamna på Harøy. Forretnings-ideen var å drive ein serviceverkstad for den store lokale fiskeflåten som var her på den tida. Han etablerte også ein bunkersstasjon og sal av diverse petroleumsprodukt.

Steinshamn-døra

Samarbeidet med fiskarane førte etter kvart til at Nils utvikla ei tråldør som vart kalla «Steinshamn-døra». Frå starten på 70-tallet og fram til fiskerikrisa i 1988, var dette hovudproduktet.

I 1983 vart Nils spurt om å produsere aluminiumsskrog for ein MOB-båt leverandør. Dette førte etter kvart til at han utvikla sin eigen båt som fekk typebetegnelsen «Springer». Frå 1994 til 2017 vart Springer-modellane marknadsført av eit eksternt selskap. «Springer»-modellane marknadsfører vi no sjølv gjennom websida www.springerboats.no.

Kvalitet

I vår mekaniske verkstad har vi sertifiserte sveisere for aluminium, konstuksjons-stål, duplex-stål og syrefast stål. Vi er godt utstyrt med cnc-maskiner for skjering, valsing og knekking av plater. I tillegg har vi sertifisert NDT kontrollør (nivå 2) som ein del av vårt kvalitetssikringssystem.