Tjenestar

Bunkersanlegg

Bunkerstanken har ein kapasitet på 225m³ Marine Gassolje. Smøreoljer, gearoljer og hydraulikkoljer har vi på lager, men er det behov for større mengder må dette forhåndsbestilles. Ved kaianlegget er det også mogleg å fylle vatn samt tilkopling for landstraum, 230V / 16A, 32A og 80A.

7Db_4694
Dsc_1770

Reperasjonsarbeid

Reperasjonsarbeid av yrkes- og fritidsbåtar kan utførast i vårt overbygde kaianlegg (sjøhallen). Ved hjelp av to traverskraner, som samla har ein løftekapasitet på 30 tonn, kan båtar også landsettast for vedlikehald og reperasjonar. “Sjøhallen” er utstyrt med høgrykksvaskar med steam som lettar arbeidet med spyling under vannlinje. Reperasjonsarbeid av større båtar kan utførast ved ei av våre kaier (utendørs) som har lengder på 15 og 20 meter.

Platebearbeiding og sveising

Verksted for platebearbeiding og sveising av både aluminium og jarn. I vår NC (numerically controlled) -styrte skjæremaskin, skjærer vi aluminium, rustfritt stål og tynne jarnplater med plasma. Tjukkare jarnplater vert autogenkappa i samme maskina. Dei utskorne delane er svært nøyaktig og forenklar difor arbeidet med samanføying av platekonstruksjonar.

Vi har sertifiserte sveisarar både på aluminium og stål. I tillegg har vi eigen NDT-kontrollør med sertifikat for penetrant testing.

18_5D68Feecd59660D4
Skjermbilde-2017-03-28-Kl.-13.30.32

Båtbygging

Våre merkenamn er SeaGreen og Springer. Desse båttypane bygger vi av aluminium og vi har valgt å produsere det meste i eigne lokaler.